No på nynorsk!

Eg likar å prøve nye ting. I går gjekk det opp for meg at eg ikkje kan skriva nynorsk ordentleg utan å slå opp heile tida. Vel, så kvifor ikkje berre hoppa i det og skriva det? Øving gjør meister, og det å kunne skriva like godt på begge målformar må væra eit mål for ein språk-nørd som meg.

Ok, eg ikkje verdsmeister enno og eg skriv sikkert ein masse fel. Kan ikkje nokon av dei nynorskfrelste venene mine gi lyd frå seg om eg skal rette opp i noko?

12 Responses to “No på nynorsk!”

  1. on 27 Mar 2007 at 09:50 Hege

    Ein god ide. Det er først når du skriv nynorsk over ein tidsperiode at du kjem inn i det. Vanlegvis får vi nytte ordlista i alle samanhangar. Da eg tok mellomfag i norsk didaktikk var ordlista bannlyst, og eg fikk litt panikk. Heilt ugrunna. Etter ei tid gikk det av seg sjølv. Og så gjør det jo ikkje noe om ikkje alt blir heilt rett kvar gong. Det er nemleg ein skilnad mellom nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar. Dei som skriv bokmål held seg heile tida til dei normgitte reglane, men det gjør ikkje nynorskfolket. Eg synest dei gjør klokt i det, men samstundes irriterer det meg. Legg til dømes merke til kjende nynorskjournalistar, - dei skriv som dei sjølv vil. Der den nynorske språkføringa går hand i hand med dialekten deira, så brukar dei han, - passar det ikkje, så tyr dei til bokmålsvarianten. Det gir jo meg som norsklærar noko å tenkje på. Er det rett av meg å være knipsk på språket til elevane mine, når flotte skribentar tillet seg kva det skal vere? Og kvifor brukar eg ikkje nynorsk som hovudmål på skolen, - i alle fall i periodar. Tenk for ei hjelp det ville vore for elevane mine om eg skreiv på nynorsk både i norsk- og historietimane.
    Lukke til!

  2. on 27 Mar 2007 at 16:56 virrvarr

    Hurra- det var dette eg trengte å høra (c:
    No kan eg skriva i veg ^^

  3. on 27 Mar 2007 at 17:23 Lene

    Og kva seier han du bur saman med no da……?;-) Skreiv den gamle dama på nynorsk.
    En artig greie du har setter igang med! Sannsynligvis utviklende for språk og kreativitet.

  4. on 27 Mar 2007 at 17:53 Dad-in-Kaw

    Burde du ikke lære rettskrivning på én målform først?

    anti-priacy-skit
    harddisc-plass

    Herlig blanding av skrivefeil og anglisismer ;-) (Med mindre den første dreier seg om en sketsj, da blir det bare skrivefeil på engelsk.)

  5. on 27 Mar 2007 at 17:55 Dad-in-Law

    Hovmod står for fall - skrivefeil i signaturen min!

  6. on 27 Mar 2007 at 19:45 Hege

    Det aller beste tipset er å ha Fredrikstaddialekten på øyret, - da blir mykje rett. Men allereie i det eg skreiv her, stemde ikkje det. Vi seier jo “e dialekt - dialekta” i Fredrikstad, - men så er det altså hankjønn på nynorsk. Irriterande, synest eg. Og så diftongane da. Dei har vi jo ikkje hos oss, og da blir det veldig gale når vi må nytte dei på nynorsk. Manglande diftongar er jo noe av det viktigaste med dialekten/dialekta vår. Om du høyrer etter, vil du merke at mange har starta å nytte diftongar i eninskilde ord, og det undrar meg kva systemet i dette er. Mange av elevane mine seier “røyk” og ikkje “røk”, “reinsdyr” og ikkje “rensdyr”. Samstundes ville dei aldri snakke om “å leike” eller å bli “reine”. Underleg. Interessant.

  7. on 27 Mar 2007 at 20:04 Lucbaby

    Fan, skjer med denne bloggen a baby?
    Erre du blogger med, lizz…

  8. on 01 Apr 2007 at 23:33 Andreas

    Dette er ein kjempeide, men eg kom deg i forkjøpet! Eg har skrive alt på nynorsk sidan 12. mars, og sjølv om eg har verte mykje betre, har eg framleis ein del merkelege feil — ofte ikkje sånn at eg hoppar tilbake til bokmål, men heller at eg skriv ekstra diftongar og kjem med svenske ord i staden for nynorske.

    Mange, spesielt ungdommar, er veldig imot nynorsk, men eg trur det er mykje sånn som med matte: Dei høyrer at det er vanskeleg, og så berre aksepterer dei det og forhold seg til det som om det var det. Nynorsk er kjempeenkelt! Om ein skiftar ut “jeg” med “eg,” “ikke” med “ikkje,” legg eigendomspronomena etter objekta i staden for framfor, skriv “til dømes” i staden for “for eksempel” og legg til eit og anna NRK-ord som “vonbroten” eller “einskild” — så har ein kjempegod nynorsk! I alle fall nesten…

    Lykke til! Vi nynorskbrukarar må halde saman!

    (nynorsk-ordlista i Firefox hjelp mykje på, for øvrig…)

  9. on 02 Apr 2007 at 10:45 Andreas

    http://www.nynorsk.no/nmu/ymist/malbyte.shtml

  10. on 02 Apr 2007 at 23:44 Ea

    Hæhæhæ, deilig. “Øving gjør meister”, yeah right.. Føler du bør slutte med slikt jah, det blir ikke bedre enn dette ;:D

  11. on 09 Apr 2007 at 16:23 Lene

    Fin, ny design på bloggen din :-)

  12. on 09 Apr 2007 at 20:25 Predikeren

    Klem fra mams. Lykke til.

Leave a Reply

Trackback URI | Comments RSS